Hopp til innhold
X
Innhald

Ridesport

Riding eller dressurriding er konkurransar der kompliserte øvingar (figurar) blir utførte på ei bestemt tid, og der feil gir straffepoeng.

Tredagarskonkurransen (feltritt) omfattar dressur, sprang og uthaldsprøve. Sprangriding omfattar ulike hinder som skal forserast på tid. Feil, til dømes riv, gir straffepoeng. Spesielle ryttarantrekk er vanleg. Riding har vore med i dei olympiske leikane sidan 1912.

I 1915 blei Norges Rytterforbund stifta. Forbundet i dag over 370 klubbar, med om lag 36 000 medlemmer.

Kjelder

Om Norges Rytterforbund, rytter.no: https://www.rytter.no/nryf/ [lesedato 17.11.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.01.2020
Sist oppdatert: 02.01.2020