Hopp til innhold
X
Innhald

A. C. Milan

A. C. Milan (Associazione Calcio Milan), italiensk fotballklubb som blei stifta i 1899. Heimebana til klubben er San Siro, som har ein kapasitet på 80 018 tilskodarar. A. C. Milan har vore italiensk seriemeister 18 gonger, sist i 2011, og cupmeister 5 gonger. Dei har vunne Champions League 7 gonger (1963, 1969, 1989, 1990, 1994, 2003 og 2007), den europeiske cupvinnarcupen i 1968 og 1973, den europeiske supercupen i 1989, 1990, 1995, 2003 og 2007, interkontinentalcupen i 1969, 1989 og 1090, og VM for klubblag i 2007.

Klubben var lenge eigd av tidlegare statsminister i Italia Silvio Berlusconi, men blei seld til kinesiske eigarar i 2017.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019