Hopp til innhold
X
Innhald

Amerikansk fotball

Amerikansk fotball, ballspel med ein oval lêrball med vekt på 400–425 gram. Bana, som har gras eller kunststoff, er om lag 49 meter brei og 91 meter (100 yards) lang, pluss eit 9 meter langt målfelt i begge endar. Måla er rundt 6 meter breie og har ein tverrliggjar rundt 3 meter (10 fot) over bakken. Laga har 11 spelarar på bana og mange innbytarar.

Poeng får ein ved touchdown, som vil seie at ballen blir teken med inn i målfeltet til motstandaren (6 poeng), ved field goal, at ballen blir sparka mellom målstolpane og over tverrliggjaren (3 poeng), og ved safety, at det forsvarande laget taklar ballføraren i målområdet hans (2 poeng). Etter touchdown kan ein skåre 1 poeng ved spark eller 2 poeng ved ny touchdown frå eit punkt ca. 12 meter frå mållinja. Det angripande laget har fire downs (forsøk) på å bringe ballen minst 10 yards framover. Mislykkast dette, går ballen over til motstandaren. Lykkast det, får ein fire nye forsøk. Ballen blir spela ved at han blir sparka, kasta eller sprungen med i hendene.

Amerikansk fotball er eit svært fysisk hardt spel der spelarane ber kroppspolstring og hjelm. Speletida er 4 × 15 minutt effektiv tid i USA og 4 × 12 minutt i Noreg. Amerikansk fotball er utvikla frå rugby rundt 1870 og er ein av dei mest populære idrettane i USA. Det mest kjende arrangementet er Super Bowl, meisterskapsfinalen for profesjonelle lag, som har vore arrangert sidan 1967. Norges Amerikanske Idretters Forbund (tidlegare Norges Amerikansk Fotball Forbund) blei medlem av Norges Idrettsforbund i 1994 og særforbund i 2003.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019