Hopp til innhold
X
Innhald

Badminton

Badminton, tennisliknande spel med ein fjørball på ca. 5 gram og ein lett, langskafta rekkert.

Spelet er svært gammalt og kom til Europa frå India på 1500-talet. Det fekk namnet sitt etter det engelske slottet Badminton House, der det blei innført i 1870-åra. Den første norske badmintonklubben blei stifta i 1930, og Norges Badmintonforbund blei til i 1938.

Spelet begynner med ein serve nedanfrå, og motstandaren skal returnere ballen over det rundt 1,52 meter høge nettet. Dersom servaren vinn, får han poeng. Dersom han eller ho taper, tek motstandaren over servinga. Ein får berre poeng når ein sjølv servar. Kampar blir spela som best av tre sett, og settet vinn ein på 21 poeng. På stillinga 21–21 vil den som først oppnår 2 poengs leiing, vinne settet. Står det 29–29, vil den som først oppnår 30 poeng, vinne settet. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 01.11.2019