Hopp til innhold
X
Innhald

Basketball

Basketball eller korgball, ballspel av amerikansk opphav frå 1891. Det er ein av dei mest utbreidde idrettane i verda.

Basketball blir spela av to lag à 5 spelarar på ei bane som er 15 × 28 meter. På kvar kortside er det plassert ei korg om lag 3 meter over golvet. Poeng får ein ved å kaste ballen i korga, som er 45 centimeter i diameter. Ein får 3 poeng ved skåring frå utanfor scoringslinja, 2 poeng ved vanleg spel og 1 poeng ved straffekast. Speletida er vanlegvis 4 × 10 minutt effektiv tid (12 minutt i National Basketball Association, NBA). Ved uavgjort går kampen til ekstraomgangar à 5 minutt. Ballen blir spela eller ført med hendene, og berre eitt skritt er lov utan å stusse ballen i golvet. Angrep må avsluttast i løpet av 30 sekund (25 sekund i NBA). Ein spelar kan ikkje opphalde seg meir enn 3 sekund under korga til motparten utan ball, og ein kan ikkje halde ballen i meir enn 5 sekund utan å stusse. Basketball har vore OL-grein for herrar sidan 1936 og for kvinner sidan 1976.

I 1965 blei Norges idrettsforbunds utvalg for basketball starta opp. Noreg var på dette tidspunktet det einaste europeiske landet som ikkje var medlem av det internasjonale basketballforbundet FIBA. Norges basketballforbund blei stifta i 1968, og det har vore arrangert NM sidan dette året. Forbundet har i dag i underkant av 11 000 medlemmer. BLNO er namnet på herreligaen i Noreg, som har 10 lag. Kvinneligaen har 6 lag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019