Hopp til innhold
X
Innhald

Bordtennis

Bordtennis (tidlegare kalla pingpong), idrett som blir spela på eit rektangulært bord (274 × 153,5 cm, 76 cm over golvet) med celluloidballar (diameter 40 mm) og gummikledde trerekkertar. Eit sett blir vunne av den som først får 11 poeng, så sant vedkomande har 2 poeng overvekt. Kampar blir spela som best av 3, 5 eller 7 sett. Bordtennis oppstod i England rundt 1885 og er ein av dei mest populære idrettane i verda. Det har vore arrangert NM sidan 1946, og bordtennis blei OL-grein frå 1988.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019