Hopp til innhold
X
Innhald

Cricket

Cricket, engelsk ballspel mellom to ellevemannslag. Det går mellom anna ut på å velte to mål (wickets) med ballen, medan det andre laget forsvarar måla med flate balltre. Cricket er nasjonalsport i Storbritannia og fleire av landa i Samveldet.

Cricket fekk ein oppsving i popularitet i Noreg etter at det kom arbeidsinnvandrarar frå Pakistan i 1960-åra. Norges Cricketforbund blei etablert i 1994 og teke opp som medlem i Norges idrettsforbund i 2007. Det har om lag 5000 aktive medlemmer (2017) i rundt 60 klubbar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019