Hopp til innhold
X
Innhald

F.C. Barcelona

F.C. Barcelona, spansk idrettsklubb som blei stifta i 1899 og er mest kjend for fotball. Heimebana er Camp Nou, som har ein kapasitet på 99 354 tilskodarar.

Barcelona har vore ligameistrar 24 gonger – i 1929, 1945, 1948, 1949, 1952, 1953, 1959, 1960, 1974, 1985, 1991, 1992, 1993, 1994, 1998, 1999, 2005, 2006, 2009, 2010, 2011, 2013, 2015, 2016. Dessutan har dei vore cupmeistrar 29 gonger, ligacupmeistrar 2 gonger og Champions League-meistrar 5 gonger – i 1992, 2006, 2009, 2011 og 2015. Den europeiske cupvinnarcupen vann dei i 1979, 1982, 1989 og 1997, UEFA-cupen vann dei i 1958, 1960, 1966 og 1962, og den europeiske supercupen i 1992–93, 1998–99, 2010–11, 2011–12 og 2015–16 (alle tal per 2017). Barcelona har også vunne VM i fotball for klubblag i 2009–10, 2011–12 og 2015–16.

I tillegg til fotballaget har dei ein europeisk toppklubb i handball.


Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019