Hopp til innhold
X
Innhald

Fotball

Fotball, den mest utbreidde idretten i verda. Fotball er eit ballspel mellom to lag med 11 spelarar på kvart lag.

Det blir spela på ei rektangulær bane som ved internasjonale kampar er 100–110 meter × 64–75 meter. Det er eitt mål på kvar av kortsidene. Måla er 7,32 m breie og har ein tverrliggjar 2,44 meter over bakken. Ballen, som har ein omkrins på 68–70 cm og veg 410–450 gram, skal spelast utan at hender eller armar rører ved han, og føremålet med spelet er å få ballen i målet til motstandaren. Berre målvakta har lov til å røre ballen med hendene så lenge ballen er i spel og innanfor eit rektangulært felt framfor målet. 

Spelet blir gjennomført i to omgangar à 45 minutt. I internasjonale kampar er det fire dommarar: éin hovuddommar som leier kampen, to linjedommarar og éin reservedommar, som også handterer mellom anna innbyte av spelarar. I nokre turneringar har ein prøvd ut 6 dommarar, der det også står dommarar bak kvart mål for å følgje ekstra med på spelet innanfor sekstenmeteren.

Fotball fanst som spel alt i oldtida, men det moderne spelet tok form i England i 1840-åra. Dei første reglane blei utforma i 1863, og den første fotballserien, den engelske ligaen, blei starta i 1888. Norges Fotballforbund blei stifta i 1902 og har rundt 372 000 medlemmer (2016). Det internasjonale fotballforbundet (FIFA) blei stifta i 1904. Fotball blei OL-grein i 1900 og for kvinner i 1996. VM har blitt arrangert sidan 1930 og for kvinner sidan 1991.

I Noreg har NM (cup) blitt arrangert sidan 1902, og for kvinner sidan 1978, medan seriespel har blitt arrangert sidan 1937, og for kvinner sidan 1984. Av internasjonale prestasjonar har det norske kvinnelandslaget både vunne fotball-VM i 1995 og teke OL-gull i Sydney i 2000. Kvinnelandslaget har også vunne europameisterskapen i fotball i 1987 og 1993.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019