Hopp til innhold
X
Innhald

Futsal

Futsal, innandørs fotballspel. Bana skal vere mellom 28 og 42 meter lang og mellom 16 og 20 meter brei, og måla er 3 × 2 meter. Det er maks 15 spelarar på laget, og 5 av dei er på bana samtidig. Ein kan byte spelarar fritt undervegs. Kampane har to omgangar à 20 minutt. Reglane er omtrent som i fotball, men det er innspark i staden for innkast. Futsal er ein sterkt veksande idrett, og både Indoor Football Scandinavia (IFS), stifta 2002, og Norges Fotballforbund har eigne ligaer og konkurransar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019