Hopp til innhold
X
Innhald

Handball

Handball, idrett med røter i Norden som blei utvikla til ein moderne idrett i Tyskland i 1880-åra. I handball spelar to lag med sju spelarar på kvart 2 × 30 minutt på ei 20 × 40 meter stor bane.

Handball var opphavleg eit utandørsspel, men blir no stort sett spela innandørs. Det er ein av dei mest populære idrettane i Noreg. Norges Håndballforbund blei stifta i 1937 og hadde i overkant av 120 000 medlemmer ved utgangen av 2015. NM utandørs blei arrangert frå 1939 til 1974, innandørs frå 1958 og fast innandørs frå 1975. Handball har vore OL-grein sidan 1972 (for kvinner sidan 1976).

Noreg, ved det norske kvinnelandslaget, er den nasjonen i verda som har vunne flest meisterskapar, med 12 sigrar (2016). 2 OL-gull, 3 VM-gull og 7 EM-gull har det blitt sidan det første gullet under EM i Nederland i 1998.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019