Hopp til innhold
X
Innhald

Hat trick

Hat trick, det at same person lagar tre mål i ein fotballkamp. Omgrepet ekte hat trick blir nytta dersom dei tre måla kjem i same omgang. Hat trick er også eit uttrykk i cricket dersom kastaren får konkurrert ut tre spelarar på rad. Uttrykket skriv seg frå engelsk bogeskyting, der det gjaldt å skyte hatten av tre figurar med tre piler på rad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019