Hopp til innhold
X
Innhald

Heysel-tragedien

Heysel-tragedien, slagsmål med dødeleg utfall på eit fotballstadion i Brussel i Belgia. 29. mai 1985 blei 39 personar drepne i samband med slagsmål på tribunane før europacupfinalen mellom Juventus og Liverpool. Fascistar og nynazistar var med på å starte slåstkampane. Engelske klubbar blei etter hendinga utestengde frå internasjonale turneringar i ein periode. Bana blei riven og bygd om i 1994.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019