Hopp til innhold
X
Innhald

Lyn fotballklubb

Lyn, ski- og fotballklubb i Oslo som blei stifta i 1896. Dei blei seriemeistrar i fotball i 1964 og 1968. Cupmeistrar har dei vore åtte gonger – i 1908–11, 1945–46 og 1967–68. Lyn kom til kvartfinalen i europacupen for cupmeistrar i 1969, der dei tapte 4–5 samanlagt mot Barcelona i to bortekampar.

Elitesatsinga i fotball var skild ut som eige aksjeselskap (FC Lyn Oslo), men gjekk konkurs midtvegs i 2010-sesongen. Lyn Toppfotball spela derfor resten av sesongen i 6. divisjon (lågaste nivå), der Lyn allereie hadde eit lag. 


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019