Hopp til innhold
X
Innhald

Manchester United

Manchester United, engelsk fotballklubb som blir rekna som den mest populære i verda. Klubben blei stifta i 1878 av jernbanearbeidarar i bydelen Newton Heath, som var det første namnet på klubben. Heimebana er Old Trafford, som har ein kapasitet på 75 643 tilskodarar.

Manchester United vann europacupen for seriemeistrar (i dag Champions League) i 1968, 1999 og 2008. Dei vann FIFA-VM for klubblag i 2008 og UEFA-cupen i 2017. I tillegg vann dei cupvinnarcupen i 1991. Dei er 20 gonger ligameistrar (8 i perioden 1993–2013), 12 gonger FA-cupmeistrar, seinast i 2016, og 5 gonger ligacupmeistrar. Laget vann «the Treble» i 1999, altså både liga, cup og Champions League.

Tolv av spelarane på laget omkom ved ei flyulykke i München 6. februar 1958 saman med tre personar i støtteapparatet. Manchester United har hatt legendariske managerar som Sir Matt Busby og Sir Alex Ferguson, og spelarar som Sir Bobby Charlton og George Best. Av norske spelarar på Manchester United kan ein nemne Ole Gunnar Solskjær, Ronny Johnsen og Henning Berg.

Den norske supporterklubben Manchester United Supporters Club Scandinavia har over 42 000 medlemmer i Skandinavia, dei fleste i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019