Hopp til innhold
X
Innhald

Pelota

Pelota er eit baskisk ballspel mellom to spelarar eller lag med to spelarar på kvart.

Målet er å slå ein massiv gummiball med anten hendene eller med ein spesiell rekkert med ei fletta korg mot kortsida av ei bane med tre vegger, som i squash. Spelet er utbreidd i Baskarland i Spania og i Frankrike, Mexico, USA, Argentina og på Cuba og Filippinane. Pelota har vore demonstrasjonsidrett i OL ved fleire høve. Det blir arrangert verdsmeisterskap kvart fjerde år.

Kjelder

Offisiell nettside for VM i pelota 2018, mundialpilota2018.org: https://www.mundialpilota2018.org/event/?lang=en#history [lesedato 17.11.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 02.01.2020