Hopp til innhold
X
Innhald

Polo

Polo er eit opphavleg iransk ballspel til hest, som blei gjort verdskjent av britiske kolonimakter i India på midten av 1800-talet.

Polo blir som regel spela med fire deltakarar på kvart lag. Ein spelar på ei grasbane på ca. 275 × 150 meter med 155 cm lange køller og ein ball ca. 9 cm i diameter, som ei skal slå inn i målet til motpartens. Det kan også spelast tre mot tre. Reglane for speletid varierer, men ein kan spele anten 4, 6 eller 8 rundar (chukkas) à 7,5 minutt. Målet er å skåre flest mål. Polo var tidlegare OL-grein, sist i 1936. Det har vore arrangert VM frå 1989.

Norwegian Polo Club blei etablert i 2013, som den første i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 02.01.2020