Hopp til innhold
X
Innhald

Rekkert

Rekkert eller racket (engelsk), slagreiskap med ei oval ramme av tre eller metall (med skaft). 

Slagflata er sett saman av eit nettverk av strenger. Rekkertar blir brukte i tennis, squash og badminton. I bordtennis blir det brukt ein rekkert med ei rund plate med skaft.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.01.2020
Sist oppdatert: 02.01.2020