Hopp til innhold
X
Innhald

Sportsklubben Brann

Sportsklubben Brann, fotballklubb i Bergen som blei stifta i 1908 og har vore blant dei leiande fotballklubbane i Noreg sidan starten.

Heimebana er Brann stadion, som har ein kapasitet på 17 686 tilskodarar (2017). Dei spela sin første cupfinale i 1917. Den mest kjende spelaren frå Brann var Roald «Kniksen» Jensen. Laget blei seriemeister i 1962, 1963 og 2007. Cupmeister blei dei i 1923, 1925, 1972, 1976, 1982 og 2004. Dessutan spela dei kvartfinale i europacupen i 1996–97.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019