Hopp til innhold
X
Innhald

Diskos

Diskos (gresk), kastereiskap i friidrett.

Ein diskos er ei rund treskive med ei metallplate i midten som er kanta med ein metallring. Tverrmålet er 219 mm. Tjukna i sentrum er 44 mm, og i kanten er ho 13 mm. Vekta er 2 kg for menn og 1 kg for kvinner. Diskosen blir kasta frå ein ring med tverrmål på 2,5 meter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019