Hopp til innhold
X
Innhald

Friidrett

Friidrett, konkurranseidrett som omfattar løps-, hopp- og kastøvingar. Idretten har røter tilbake til Hellas i oldtida, men fekk den moderne utviklinga si i England rundt 1850 og er ein av dei mest utbreidde idrettane i verda. 

Friidrett har sidan 1896 sett eit sterkt preg på dei olympiske leikane. Øvingar for kvinner kom med i OL frå 1928. Det blir arrangert verdsdelsmeisterskapar – til dømes EM (frå 1934) – kvart fjerde år, og VM (frå 1983) annakvart år. NM har vore arrangert sidan 1896 og for kvinner sidan 1947. Utanfor meisterskapane er Golden League-stemna dei viktigaste arrangementa i friidretten, og dei blir haldne over heile verda, mellom anna i Oslo (Bislett Games).

I OL, VM og EM konkurrerer ein i 100, 200, 400, 800, 1500, 5000 og 10 000 meter baneløp, maraton (42 195 meter), 110 meter hekk (100 meter for kvinner), 400 meter hekk, 3000 meter hinder og 4 × 100 meter og 4 × 400 meter stafett. Kastøvingane er kule, diskos, spyd og sleggje. Hoppøvingane er høgd, lengd, stav og tresteg. Mangekampane er tikamp for menn og sjukamp for kvinner. Kappgang høyrer til friidrett i OL-samanheng.

Utanfor bane blir det arrangert gateløp, terreng- og skogsløp med ulike distansar. Klassiske stemne som New York Marathon, London Marathon og Lidingöloppet i Stockholm samlar tusenvis av deltakarar kvart år. I dei seinare åra har innandørs friidrett blitt svært populært, med EM frå 1970 og VM frå 1987. Ein nyttar baner med dosserte svingar, og øvingsutvalet er meir avgrensa.

Norges Friidrettsforbund blei stifta 1. mai 1896 og har 74 836 medlemmer (2015). 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019