Hopp til innhold
X
Innhald

Hekkeløp

Hekkeløp, øving i friidrett. Hekkane er laga av lettmetallrøyr som løparen spring (ikkje hoppar) over. Det er ti hekkar. Menn spring 400 meter (hekkhøgd på 91,4 cm) og 110 meter (hekkhøgd på 106 cm). Kvinner spring 400 og 100 meter (hekkhøgd på 76,2 cm). Tidlegare sprang ein 80 meter med åtte hekkar. Under VM i friidrett i London i 2017 tok Karsten Warholm VM-gull på 400 meter, som første nordmann nokon gong.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019