Hopp til innhold
X
Innhald

Høgdehopp

Høgdehopp, friidrettsøving der ein skal hoppe over ei om lag 4 meter lang list.

Den mest brukte hoppstilen er Fosbury flop, som er kalla opp etter OL-meisteren frå 1968, Dick Fosbury frå USA. I denne stilen dreier hopparen kroppen i oppspranget, slik at han eller ho passerer lista med ryggen mot lista. Ein får tre forsøk på kvar høgd.

Høgdehopp har vore OL-grein sidan 1896 (for kvinner sidan 1928). Verdsrekorden (per 2019) er 2,45 meter for menn (Javier Sotomayor, Cuba, 1993) og 2,09 meter for kvinner (Stefka Kostadinova, Bulgaria, 1987).


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019