Hopp til innhold
X
Innhald

Kulestøyt

Kulestøyt, friidrettsøving. Ei rund metallkule (7,257 kg for menn, 5,5 kg for gutar over 16 år, 4 kg for kvinner og gutar under 16 år) skal støytast, ikkje kastast, frå ein sirkel med innvendig tverrmål på 2,135 meter.

To vanlege stilartar er klassisk, der støytaren startar med ryggen til kastretninga, hinkar bakover og dreier 180° i støyten, og rotasjonsteknikken, der støytaren roterer heilt rundt i ringen på same måten som i diskoskast.

Verdsrekorden i kulestøyt (per 1. september 2019) er 23,12 meter for menn (Randy Barnes, USA, 1990) og 22,63 meter for kvinner (Natalja Lisovskaja, Sovjetunionen, 1987). Kulestøyt er både OL- og VM-grein og ei øving i mangekampane for både menn og kvinner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019