Hopp til innhold
X
Innhald

Lengdehopp

Lengdehopp, friidrettsøving og ei av dei eldste sportsgreinene. Lengdehopp er kjent mellom anna frå antikk femkamp. Tidlegare gjorde ein også lengdehopp utan tilløp.

Målet er å hoppe lengst mogleg ved hjelp av eitt enkelt hopp. Utøvarane nyttar eit tilløp fram til planken dei tek sats frå, før dei landar i ei sandgrop. Hoppet er ugyldig eller daudt dersom ein trakkar over ei linje av plastisin på planken. Linja endrar form ved kontakt, og det er derfor enkelt for dommaren å sjå om hoppet er gyldig eller ikkje.

Øvinga har vore ein del av dei moderne olympiske leikane sidan byrjinga. Den noverande verdsrekorden for kvinner blei sett i juni 1988 i dagens St. Petersburg, då sovjetiske Galina Tsjistjakova hoppa 7,52 meter i ein konkurranse. Rekorden for menn er det amerikanaren Mike Powell som har. Han hoppa 8,95 meter i Tokyo i 1991.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019