Hopp til innhold
X
Innhald

Maratonløp

Maratonløp, friidrettsøving. Eit maraton er eit gateløp over 42 195 meter. Det har namnet sitt etter slaget ved Marathon 490 f.Kr. Feidippes, som var bodberar for Miltiades, skal ifølgje tradisjonen ha sprunge for å melde sigeren ved Marathon til borgarane av Athen. Etter å ha gispa «Gled dykk, vi sigra!» sank han død om. 

Den opphavlege strekninga var rundt 40 kilometer, og det var denne distansen som blei sprungen då maratonløp blei olympisk øving i 1896. Distansen varierte i dei neste leikane – frå 40 000 meter til 42 750 meter (Antwerpen 1920). Under OL i London 1908 blei den noverande distansen sprungen fordi det tilfeldigvis var distansen frå Windsor Castle, der starten gjekk til ære for kongehuset, og til mål på Wembley. Frå og med OL i Paris i 1924 har 42 195 meter vore maratondistansen. 

Mellom dei store maratonarrangementa finn vi World Marathon Majors, som er ei turnering der samanlagtresultatet etter Tokyo Maraton, Boston Maraton, London Maraton, Berlin Maraton, Chicago Maraton, New York Maraton og VM og OL tel med i ein konkurranse der ein kårar den beste kvinnelege og mannlege maratonløparen kvart år. Oslo Maraton er det største gateløpet i Noreg, med rundt 25 000 deltakarar fordelt på fleire ulike distansar. Av norske maratonløparar er Grete Waitz og Ingrid Kristiansen mellom dei mest kjende.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019