Hopp til innhold
X
Innhald

Aikido

Aikido (av ai, ’harmoni’, ki, ’åndeleg kraft’, do, ’veg’), japansk sjølvforsvarskunst og treningsform med forsvarsteknikkar der mental kontroll er eit viktig element. Aikido blei grunnlagt av Morihei Ueshiba (1883–1969), som studerte samuraikulturen og sette saman ulike element til treningsforma og kampkunsten aikido. Kampteknikken går først og fremst ut på kast og låsing av ledd på motstandaren, ikkje på spark eller slag. Tanken er å nytte energien som kjem ut av motstandaren sine angrep, til å få overtaket.

Kjelder

Portal for aikido i Noreg: «Om aikido», aikido.no: https://aikido.no/om-aikido/ [lesedato 10.9.2017]

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019