Hopp til innhold
X
Innhald

Boksing

Boksing, nevekamp av klassisk opphav. James Figg skapte moderne boksing ved skulen sin i 1720-åra.

Dagens boksing er utvikla frå såkalla Queensberry rules frå 1867. Ein kamp blir avgjord ved knockout, som vil seie at ein boksar blir slått ned og ikkje kan halde fram kampen i løpet av ti sekund, ved teknisk knockout, som vil seie at dommaren stoppar kampen når ein boksar er for underlegen eller skadd, ved diskvalifikasjon (regelbrot) eller på poeng, som vil seie at dommaren tel slag og avgjer kven som har vunne. Boksing har vore OL-grein sidan 1904, og det har vore arrangert NM frå 1909. Kvinneboksing blei etablert i 1994. 

Profesjonell boksing var forbode i Noreg frå 1982 til 2014. Norske Cecilia Brækhus er (i 2018) verdsmeister i profesjonell boksing i vektklassen weltervekt i alle dei fem forbunda WBA (World Boxing Association), WBC (World Boxing Council), WBO (World Boxing Organization), WPB (World Professional Boxing Federation) og IBF (International Boxing Federation), som den første kvinna nokon gong.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 01.11.2019