Hopp til innhold
X
Innhald

Bryting

Bryting, idrettsleg tvikamp med røter tidleg i oldtida. Bryting blir avgjort ved at begge skuldrene til den eine utøvaren rører ved golvet (matta) samtidig (fall), eller ved siger på poeng. Matta er sirkelrund og har ein diameter på 9 meter.

I gresk-romersk bryting er berre grep ovanfor hoftene tillate, men i fribryting tillèt ein også grep om beina og i avgrensa grad også bruk av dei. Det finst også andre former for bryting, til dømes japansk sumobryting.

Gresk-romersk bryting er mest utbreitt i Noreg, og det har vore arrangert NM sidan 1910. Bryting for kvinner blei i Noreg etablert i 1982, og det har vore arrangert NM sidan 1990. Det har vore OL-grein sidan 1896.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019