Hopp til innhold
X
Innhald

Fekting

Fekting, nærkamp med blanke våpen. Moderne fektesport omfattar florett- og kårdefekting, der berre støytar med spissen av våpenet tel, og sabelfekting, der både støytar og hogg tel. Floretten og kården har maksimal lengd på 110 centimeter og maksimal vekt på høvesvis 500 og 750 gram. Sabelen har maksimal lengd på 105 centimeter og maksimal vekt på 500 gram.

Fektaren er verna av maske og fektevest. Treff blir markerte av eit elektronisk støytmarkeringsapparat, og ein fektar på ei 14 meter lang og 1,5–2 meter brei bane (pist). Ein kjempar først anten i femstøytskampar (først til fem støytar) eller tre minutt effektiv tid. Seinare fektar ein i 3 × 3 minutt og først til 15 støytar (treff).

Fekting har røter i Italia og Spania rundt år 1400. Dei første sportsfekteklubbane blei stifta midt på 1800-talet. Fekting har vore OL-grein sidan 1896 og for kvinner sidan 1924. Norges Fekteforbund blei stifta i 1911, men den første fekteklubben blei starta i Oslo allereie i 1882 (Studenternes Gymnastik- og Fægteforening). Forbundet har om lag 1300 medlemmer (2014). Det har vore arrangert NM sidan 1913 (for kvinner sidan 1928).

Bartosz Piasecki tok den første norske OL-medaljen i fekting under OL i London i 2012, der han tok sølv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019