Hopp til innhold
X
Innhald

Jiu-jitsu

Jiu-jitsu (av japansk ’den mjuke kunsten’), japansk brytemetode som er om lag 2000 år gammal. Det opphavlege føremålet var sjølvforsvar og angrep utan våpen ved hjelp av leddvridingar og støytar eller slag mot ømfintlege kroppspunkt. Dei ulike jiu-jitsu-systema er i moderne tid forbetra og samla i judo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019