Hopp til innhold
X
Innhald

Judo

Judo (av japansk ju, ’mjuk’, og do, ’veg’; ’den mjuke måten’), moderne kampsport som er utvikla frå fleire tradisjonelle japanske kampidrettar. Den mest kjende er jiu-jitsu, som er av kinesisk opphav.

Judo blei i 1880-åra utvikla til ein rein konkurranseidrett ved at slag, spark, støytar og alle farlege grep blei fjerna. Kampsporten byggjer i dag på teknikk, styrke, uthald, smidigskap og hurtigheit. Utøvarane er delte inn i ferdigheitsgradar – seks elevgradar (kyu) og ti meistergradar (dan). Kampen blir avgjord anten ved at ein utøvar får til eit fullverdig kast, på poeng eller når ein utøvar held motstandaren nede på matta i 30 sekund. Judo blei OL-grein i 1964 og fast frå 1972 (for kvinner frå 1992). Det har vore arrangert NM i judo sidan 1969.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019