Hopp til innhold
X
Innhald

Karate

Karate (av japansk kara, ’tom’, og te, ’hand’), opphavleg asiatisk nærkampteknikk med låge spark, sterke blokkeringar og slag, og dessutan utstrekt bruk av jordbruksreiskapar.

Kampsporten kjem opphavleg frå øya Okinawa i Japan. På grunn av mykje og jamleg kontakt med Kina kom det mange impulsar frå det kinesiske fastlandet. Kampsporten kung fu hadde mykje å seie for utviklinga av stilarten karate. Fordi bøndene på Okinawa hadde forbod mot å bere våpen, førte det til at systemet dei utvikla, anten var våpenlaust eller med jordbruksreiskapar som slagvåpen.

I moderne karate tel ein poeng ved at slag og spark blir markerte. Påkledinga og gradane er som i judo – kvite drakter med eit belte rundt livet. Fargen på beltet viser nivået til utøvaren. Det finst mellom 7 og 10 gradar fram til svart belte og vidare 9 gradar av svart belte.

Karate har vore ei vanleg idrettsgrein i Noreg sidan 1966. Norges Karateforbund blei stifta i 1973 og er no ein del av Norges Kampsportforbund. Idretten er godkjend av IOC, og det er World Karate Federation (WKF) som organiserer verdsmeisterskapar og konkurransar på internasjonalt nivå.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019