Hopp til innhold
X
Innhald

Kendo

Kendo (av japansk ken, ’sverd’, og do, ’veg’), opphavleg japansk sverdfekting frå 1500-talet.

I dag blir namnet brukt om konkurransefekting der ein nyttar vernedrakter og eit bambussverd. Støytar, hogg og blokkeringar er tillate. Ein legg meir vekt på den reint ytre oppførselen enn effektivitet.

Under kamp er pust og konsentrasjon viktig, og ein nyttar eit angrepsskrik for kvart angrep. Ein får poeng ved å treffe eit av fleire punkt på kroppen. Desse punkta er strupen, toppen av hovudet, handledda eller magen. Alle treffpunkt er godt verna av rustninga ein nyttar under kamp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019