Hopp til innhold
X
Innhald

Mensur

Mensur (av latin mensura, ’mål’), avstanden mellom motstandarane i fekting. Det er også nemninga på ein duell med sabel mellom studentar. Dette har til tider vore svært populært i Tyskland, men blei forbode i 1918. Under Hitler-tida blei det både tillate og oppmuntra, så blei det forbode av okkupasjonsmakta i 1946, men har seinare blitt tolerert igjen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019