Hopp til innhold
X
Innhald

Dragracing

Dragracing, ei form for motorsport med firehjuls motorkøyretøy som oppstod i USA i 1930-åra. I 1951 blei sporten organisert gjennom oppstarten av The National Hot Rod Association, noko ein gjorde for å få vekk uønskt køyring i gatebiletet. Frå 1965 har sporten vore fullverdig medlem av Det internasjonale bilforbundet (FIA).

Målet er å akselerere raskast på bane med ei lengd på ¼ engelsk mile (402,33 meter). To og to bilar konkurrerer mot kvarandre på ei rett strekning. Bilane bremsar opp ved hjelp av ein fallskjerm etter køyring. Det er oppnådd tider på under 5 sekund og fart på over 500 km/t med bilar.

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019