Hopp til innhold
X
Innhald

Motorbåtsport

Motorbåtsport, fartskonkurranse med motorbåt med innanbords eller utanbords motorar, eller med vasskuter.

Motorbåtkonkurransane blir delte inn i klassar etter motorvolum og skrogdimensjonar. Båtane har gjerne v-skrog eller er katamaranar, slik at dei har to skrog.

Konkurranseformene er til dømes offshore – distanseløp i fjordar eller på havstrekningar – eller rundbaneløp i meir skjerma område som på innsjøar eller i hamner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019