Hopp til innhold
X
Innhald

Motorsykkelsport

Motorsykkelsport, konkurransekøyring med motorsykkel. Det omfattar speedway, dragracing (akselrasjonskonkurransar på asfalt), isbaneløp (speedway på isbane), langbaneløp og grasbaneløp (langbaneløp på gras). 

Trial og motocross går føre seg på terrengbane, men i trial er det ferdigheitene og balanseevna til køyrarane som er avgjerande, ikkje tid. I enduro køyrer ein lange distansar i terreng. Etapperittet Paris–Dakar blir køyrt i klassar for bilar og motorsykkel over fleire dagar gjennom ørkenstrøk, og sidan 2009 i Sør-Amerika. Motorsykkelsport slo gjennom i Noreg i 1930-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019