Hopp til innhold
X
Innhald

Rally

Rally er ein konkurranse i motorsport med fartsetappar på avsperra veg eller i terrenget. Transportetappane skjer ofte på vanlege vegar.

Ordet rally kjem frå engelsk og tyder eigentleg «å samle seg igjen». Eit rally er ein konkurranse over fleire dagar, med mange etappar kvar dag. Sidan 1977 har det vore arrangert ein verdsmeisterskapserie i rally med konkurranseløp verda rundt. Petter Solberg blei verdsmeister samanlagt i 2003, som einaste nordmann gjennom tidene.

I rallybilar sit det to personar, ein førar og ein kartlesar (andreførar). Enkeltløpa blir kalla fartsetappar, og dei blir køyrde etter notar som kartlesaren les opp for føraren. Det er samanlagttida på alle farsetappane som avgjer kven som vinn kvart enkelt løp.

Først publisert: 02.01.2020
Sist oppdatert: 02.01.2020