Hopp til innhold
X
Innhald

Oxford-Cambridge-kapproinga

Oxford-Cambridge-kapproinga (engelsk The University Boat Race) er den eldste ro-regattaen i verda.

Regattaen blei første gong arrangert i 1829, mellom åttarlaga på Oxford- og Cambridge-universiteta. Bana er 6779 meter lang. Løpet går kvart år på Themsen mellom Putney og Mortlake utanfor London.

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019