Hopp til innhold
X
Innhald

Padling

Padling viser til kajakk- eller kanopadling, som er ein fritidsaktivitet og konkurranseidrett med røter i tradisjonar frå både inuittiske samfunn og amerikanske urfolk.

Det blir konkurrert på bane og i elvestryk (slalåm). Padling blei olympisk idrett i 1936 for menn og i 1948 for kvinner (berre kajakk). Frå og med OL 2020 blir det også konkurrert i kano for kvinner. OL-distansane er sprint og slalåm, 200, 500 og 1000 meter. I andre konkurransar, til dømes VM, blir de også konkurrert i 200 m, 10 000 meter og maraton, som ofte går over fleire vatn med bering av kajakken undervegs.

I Noreg blir det konkurrert mest i kajakk, for éin, to eller fire utøvarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 02.01.2020