Hopp til innhold
X
Innhald

The Ocean Race

The Ocean Race (tidlegare Whitbread-seglasen og Volvo Ocean Race), den lengste (i overkant av 31 000 nautiske mil) og mest berømte kappseglasen i verda. 

Konkurransen har vore halden kvart fjerde år sidan starten i 1973 og kvart tredje år i perioden 2005–2018.

Sidan 1997 har det vore konkurrert i éin klasse, utan handikapreglar og med 9–10 etappar. Vinnaren blir kåra etter eit poengsystem. Sidan 2008 har starten gått frå Alicante i Spania, medan ein rullerer på målby for kvar seglas.

Kjelder

The Ocean Race, theoceanrace.com: https://www.theoceanrace.com/en/home.html [lesedato 10.11.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 02.01.2020