Hopp til innhold
X
Innhald

Offside

Offside (av engelsk off side, ’på feil side’), regel i ulike lagspel.

I fotball er ein spelar offside dersom vedkomande er på banehalvdelen til motstandaren og idet ballen blir spela, har mindre enn to motspelarar inkludert keeper mellom seg og målet til motstandaren.

 

I ishockey blir det dømt offside dersom ein spelar i angrep passerer bestemte linjer på isen (blueline og redline) før pucken. Offside blir ikkje dømt når ballen eller pucken kjem frå motstandaren, ved utspel frå mål, ved innkast eller ved hjørnespark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.03.2018
Sist oppdatert: 12.03.2018