Hopp til innhold
X
Innhald

Miniatyrskyting

Miniatyrskyting, presisjonsskyting med finkalibra gevær (kaliber 22–5,6 mm).

Avstanden er 50 meter utandørs og 15 meter innandørs. Utandørs skyt ein såkalla heilmatch eller halvmatch – høvesvis 120 og 60 skot som er fordelte på ståande, kneståande og liggjande. I OL-match skyt ein 60 skot liggjande. Miniatyrskyting har vore OL-grein sidan 1908 (kvinner frå 1984).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.03.2018
Sist oppdatert: 12.03.2018