Hopp til innhold
X
Innhald

Dykking

Dykking, å opphalde seg under vatn med eller utan hjelpemiddel. Utan hjelpemiddel kan mennesket dykke i opptil 2 minutt (svamp- og perledykkarar).

Dykkarklokker skal ha vore brukte sidan 1200-tallet, og ei brukbar dykkarklokke blei skildra av Francis Bacon i 1645. Dykkardrakta blei utvikla i byrjinga av 1800-talet.

Når ein dykkar djupare enn rundt 50 meter, nyttar ein ei blanding av helium og oksygen til å puste i. Djupvassdykkarar kan gå ned til store djup (opptil 400–500 meter) ved bruk av spesialdrakter og avansert kommunikasjonsutstyr. I ein batyskaf, som er ein ubåtliknande, sjølvgåande djupvassfarkost, lèt det seg gjere å dykke tusenvis av meter; Jacques Piccard og Don Walsh nådde ned til 10 912 meter i 1960.

I 2014 sette egyptaren Ahmed Gabr ny rekord i dykking med dykkarflasker etter eit dykk på heile 332,35 meter. Norges Dykkerforbund (NDF) blei stifta i 1957 og har om lag 7400 medlemmer (2017).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019