Hopp til innhold
X
Innhald

Kanalsymjing

Kanalsymjing, symjing over Den engelske kanalen, over sundet ved Calais, som er 31 kilometer på det smalaste.

Det blei første gong gjennomført av engelske Matthew Webb i 1875. Han brukte 21 timar og 45 minutt frå Dover til Cap Gris Nez sørvest for Calais. Som første kvinne sumde Gertrude Ederle frå USA over kanalen i 1926, på 14 timar og 39 minutt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019