Hopp til innhold
X
Innhald

Krål

Krål (av engelsk crawl, ’å krabbe’), den raskaste av alle symjemetodar. Armane blir slengde vekselvis fram over vatnet og trekte rett nedover og bakover. Beina sparkar rytmisk opp og ned. Ved ryggkrål kastar ein armane bakover over hovudet medan ein ligg på ryggen.

Symjemetoden blei utvikla i Australia i 1890-åra etter at ein hadde studert gamle polynesiske symjemetodar. Krål er den einaste nytta symjeteknikken i frisymjingsøvingar i konkurransar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019