Hopp til innhold
X
Innhald

Birkebeinerrennet

Birkebeinerrennet, eit av dei største turrenna på ski i landet. I 2017 hadde rennet 8544 påmelde, og 7782 av dei fullførte.

Rennet er ein del av Birken skifestival. I dag går det frå Rena til Lillehammer kvart år, men tidlegare gjekk det annakvart år Lillehammer–Rena og Rena–Lillehammer. Rennet er om lag 55 km langt, og oppakninga skal vere 3,5 kg. Birkebeinerrennet blei første gong arrangert i 1932.

I tillegg til Birkebeinerrennet blir konkurransane FredagsBirken, StafettBirken, UngdomsBirken, HalvBirken, Ingalåmi og BarneBirken arrangert, og dette gir eit totalt deltakartal på om lag 16 000 personar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019