Hopp til innhold
X
Innhald

Freestyle

Freestyle (engelsk ’fristil’), grein i skiidrett som omfattar kulekøyring, triks og hopp.

Hoppa blir utførte med saltoar, skru og andre moment og blir vurderte etter vanskegrad og utføring. Triks skal utførast akrobatisk og kunstferdig, og ein får poeng for vanskegrad, koreografi og utføring. I kulekøyringa, som blir utført i ei kupert, bratt løype, tel både utføring og tidsbruk. Kulekøyring har vore OL-grein sidan 1992, og hopp har vore det sidan 1994. Det har vore arrangert NM sidan 1984.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019