Hopp til innhold
X
Innhald

Gundermetoden

Gundermetoden, utrekningsmetode i kombinert skirenn der vinnaren av det kombinerte hopprennet startar først i langrennet. Poenga i hopp blir rekna om til sekund, som avgjer starttidspunktet til løparane. Den som kjem først i mål, er samanlagtvinnaren. Metoden er kalla opp etter den norske kombinertløparen Gunder Gundersen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019